Hareid vinterkarusell: Ny fjør i hatten for May Evy

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jan 2022

Arkivfoto
Vinterkarusellen på Hareid tel fire løp. Alle rundt Grimstadvatnet. Eitt løp i november, eitt i desember, eitt i januar og eitt i februar. I går vart løp nummer tre arrangert, og May Evy vart (som normalt) nummer to mellom kvinnene. Dei ti beste løparane i kvart løp får poeng. Ti poeng til vinnaren, så 9,8,7 osv ned til 10.plassen som får eitt poeng. Det spesielle med Hareid vinterkarusell er at alle som har delteke i fire løp får fire bonuspoeng. Hittil har May Evy sanka 3x9 poeng = 27. Med fire bonuspoeng vil ho ha 31, noko ingen andre på lista kan makte. Dermed vert februarløpet ein rein parade-jogg, og ei ny fjør i hatten, for May Evy Nesheim

Resultat frå Hareid vinterkarusell 8.januar 2022:
Grimstadvatnet rundt – 7,8 km:
KVINNER (dei beste)
 1. Louise Skak, Idrett utan Alkohol, 32.30

  2.
   


  May Evy Nesheim, Velledalen IL, 34.00
   
   
 3. Oda Renate Topphol Midtflø, Hareid IL, 36.15
 4. Cathrin Elvanes, Hareid IL, 36.49
 5. Caroline Torgersen, Ulsteinvik, 38.15
 6. Sunniva Røyset, Ulsteinvik, 38.50
 7. Cecilie Bjørlykke, Hareid IL, 38.55