«Godhjarte-prisen» til Ola Åge
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jan 2022
I fellesskap og samhald ligg også evna til å ofre seg for andre. Det har Ola Åge Nesheim gjort minst ved to høve i 2021-sesongen. Både i Nibbeløpet og i Gloppen halvmaraton sette han May Evy framfor seg sjølv. Takka vere Ola Åge sette May Evy ny personleg rekord i det knallharde Nibbeløpet (2.16.22) og ny klubbrekord for Velledalen IL (kvinner) på halvmaraton i Gloppen (1.37.44). Det høyrer med til soga at May Evy er tvilling-søster til Ola Åge.
Slike «hjelpe-utøvarar» finst i ei rad idrettar. I sykkelsporten vert dei kalla hjelperyttarar, i friidrett, harar. Det vanlege er at desse fell av i god tid før konkurransen vert avgjort. Ola Åge si rolle var litt annleis. Han passa klokka, og farta, frå start. Og han var i nærleiken av tvilling-systera gjennom det aller meste av løpet. Men i staden for å falle av, slik vanleg er, sprang han frå May Evy mot slutten av dei to løpa. Ho hadde fått den hjelpa ho trengde, for å nå måla sine.
Ola Åge kom inn til 2.13 14 (Nibbeløpet) og 1.37.10 (Gloppen), i dei to løpa han viste fram god-hjarte sitt for tvilling-systera, May Evy. Sysken-kjærleik i ordets rette forstand, og
ein eigenskap vi set pris på!