Strava har sett på KM Berli sin kilometerstand

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jan 2022

For Kjell Magnar Berli sin del har siste året vore prega av mykje trening og få konkurransar. Kor mykje trening finn ein på Strava.

Her er nøkkeltala for VIL-medlem Kjell Magnar Berli:
346 aktive dagar – som betyr ni «kviledagar», i løpet av året – godt under råda vi fekk i Bibelsoga.
782 timar – som betyr at snittet av turlengda er godt i overkant av to timar.
5 642 000 meter – som betyr at snittlengda av turane hans er kring 15,5 kilometer.
432 360 høgdemeter – som betyr eit snitt på 1185 høgdemeter kvar einaste dag i året.

For eit gjennomsnitts-menneske er slik lesnad sterk kost!