Tid for medlemskontingent for 2022

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jan 2022

Satsane for medlemskap i Velledalen IL er uendra for 2022:
Born: 100,-
Vaksne: 200,-
Familie: 400,- (inntil to born, deretter kr 100 i tillegg for born utover to)
Born gjeld til og med det året ein fyller 17 år.
Vaksentakst frå og med det året ein fyller 18

Er du ny medlem – send oss fødselsdato og e-post adresse

Betaling til:
Kontonummer: 4045 10 23537
Vipps: 100921

Kasserar Henning Tandstad opplyser at det står 314 namn på medlemslista som betalande dei tre siste åra.
Dei som ikkje har betalt sidan 2019 vert no strokne, slik at medlemstalet er noko lågare.
 -  Målet for året på medlemssida er å kunne stabilisere seg på eit medlemstal kring 300, opplyser VIL-kasseraren.
 -  Starten har vore særdeles god, så det er tydeleg mange som vil kjempe om januar-premien, held kasseraren fram, på morgonkvisten 2.januar. Like før hans siste vareteljing ved Nærbutikken i Velledalen.