2021 – Det Blytunge Året
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Des 2021
Velledalen IL skulle hatt
sin årvisse Idrettsgalla den 29.desember. Den let seg ikkje gjennomføre.
Sameleis med ei rad andre arrangement gjennom året. På lista over «utgåande»
kan vi nemne; FjellsæterCup langrenn, Konradløpet (hovudløpet), Koldabakken
Grand Prix og Ramstaddalsløpet.
Andre
arrangement vart avvikla, men merkbart reduserte. Her kan MiniKonrad nemnast
med drygt 50 deltakarar i sommar, mot 120-150 i eit normlår. Førjulsmessa vart
arrangert med standar mest som i eit normalår, men berre med kring 65 prosent
av vanlege besøkstal. Konradløpet og Førjulsmessa er som kjent Velledalen IL
sine tyngste på inntektssida.
Nærast
aktiviteten i eit normalår har trim-og o-gruppa hatt. Og gledeleg at deltakinga
i løp har vore enorm. Siste året har fylgjande debutert for Velledalen IL: Alf
Petter Bøe, Bjørn Arve Brune, Marius Kalland, Fridtjof Fredriksen, Irene Mork,
Anita Holmberg, Olga Decyk, Linda Hovde, Marciej Decyk, Roger Vanebo og Jan
Helge Myhre (orsak til dei eg har gløymt i farta). Ved fleire løp her i
distriktet har Velledalen IL markert seg som største breiddeklubben.
Så konklusjonen må bli; Covid har IKKJE teke
knekken på oss – langt der i frå. Ingen av våre har døydd av pandemien!
Når vi skriv om 2021 som «Det Blytunge Året»,
er det av heilt andre grunnar. Her handlar det om
verkelege tap. Tap av venskap, tap av glade minne, tap av interesse-fellesskap,
tap av miljø og samhald. Og det verste; Tap av menneske-liv. Med såre sakn som
resultat. Har ein brukt mesteparten av fritida på laga Velledalen IL og VRF,
gjennom meir enn 50 år, seier det seg sjølv at denne lista nedanfor riv og
herjar med tankane.
Desse døydde i 2021:
·
Januar:
Edvard Hole (nabo, VIL-leiar 1958-1959
og 1974-1975).
·
Februar:
Paul Hole (nabo, Æresmedlem i VIL, VIL
sin fyrste KM-vinnar
i 1949)
·
Mars:
Johan Svindseth (VRF sin fyrste
gullklokkevinnar, æresmedlem i klubben)
·
August:
Odd-Kåre og Ole Andre Fet (Odd-Kåre
markant i begge klubbar, sonen i VRF)
·
September:
Magnar Fet (Æresmedlem i VIL. Primus
motor i alpint)
·
Oktober:
Svein Welle (VIL-leiar 1983-84, tre mål
i 6-1 over CFK på Dalemyra 1971)
·
Oktober:
Arild Lade (VRF-målmann og sentral i
VIL si Fjell-liv-satsing frå 1970-talet)
Fire æresmedlem borte.
I 2021 har altså VRF (Odd-Kåre og Johan) og
Velledalen IL (Paul og Magnar) mist to æresmedlem kvar. Velledalen IL har mist
mannen med det lengste ståande skihoppet i konkurranse (Magnar, 53 meter i 1949).
VRF har mist tre gullklokkevinnarar (Johan, Odd-Kåre og Ole André) på eitt år.
Førjulsmessa i Velledalen miste begge sine faste loddseljarar i same år (Johan
og Odd-Kåre). Velledalen IL miste mannen (Paul) som hadde full pott i alle
Konradløp og Fjellsæterrundar (trimklassa). Velledalen IL miste sine tre menn
med flest positive idrettsmerkeprøver same år. Kring 150 tilsaman på Paul,
Odd-Kåre og Arild. Paul tok idrettsmerke i sitt 90.leveår, Odd-Kåre gjorde
siste prøva mindre enn ei veke før han døydde. Konradløpet miste premiesjefen
sin (Odd-Kåre). Velledalen IL miste sin siste attlevande (Paul) av laget som
tok KM-gull over 4x10 km stafett i 1952.
Dalemyra grasbane 50 år.
Fyrste helga i juli månad hadde Velledalen IL
invitert til ei samling i klubbkokk Sondre Bårnes sitt rike (Orreneset), der
det skulle markerast at det var 50 år sidan den offisielle opninga av Dalemyra
grasbane. Det vart ein gild kveld med god mat og mykje mimring. Spelarane
på VRF-laget som slo Hødd 1-0 i finalen var
mellom dei inviterte. Med fylgje. Mellom desse Odd-Kåre Fet, Svein Welle og
Arild Lade. Alle tre menn mellom 74-79 år. Tre og ein halv månad seinare var
dei borte. Målmannen, høgrebacken og høgrevingen. Like eins Magnar Fet, invitert
som ein av dei med flest dugnadstimar på anlegget, verv i banenemnda og
alpinleiar i VIL under opninga. Det vesle grenda Fet har mist fire menn
siste året. Den fjerde er Kåre Fet. Også han i 70-åra og med fleire VIL-verv i
unge år.
VRF og Velledalen IL har i 2021 mist altfor mange.
Alle menn med viktig klubbhistorie knytt til namna
sine. Personane som stod dei nær, har mist ufatteleg mykje meir. Året 2021
ebbar no mot enden. Og det einaste vi kan gjere er å bøye hovuda våre i
respekt. For dei døde – og deira nære som lever att. Vi ser heldigvis slutten
på Det Blytunge Året!
Olagarden, 28. desember
2021
Atle Jomar
Nestleiar, Velledalen IL