Brunstad-nissen mellom 136 på Romjulsmarsj
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Des 2021
Bortsett frå litt småglatte vegar var forholda gode. Vindstille med nokre snøfjom i lufta under ein overskya himmel, og temperatur i nærleiken av null.
136 frammøte er slett ikkje verst. Mellom desse fleire nissar og fleire med spark som framkome-middel. For spark-folket har forholda neppe vore betre under nokon Romjulsmarsj.
Trimgruppa serverte twist og klementinar – til og med fleire stadar i løypa.
Vi kan slå fast at ein nytt vellukka arrangement frå trimgruppa har landa.