Velkomen til Romjulsmarsj !
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Des 2021
arkivfoto
Tradisjonen for Romjulsmarsj er lang og god i Velledalen IL. Den fyrste vart arrangert i 1979. Sidan då har det vore tradisjon.
På grunn av pandemien vart det eit alternativt opplegg i fjor, noko det også blir dette året.
Registreringa vil gå føre seg ved Nærbutikken i Velledalen (på Brunstad) i tidsrommet 11.00-13.00.
Ein kan velje mellom fleire løyper. Det mest naturlege valet for vakse folk vert nok Konrad-løypa på 4,5 km. Men det finst både kortare og lenger alternativ. Eller ein kan rett og slett gå til/frå eigen heim. Det viktigaste er å kome seg ut i friskluft.
Nyt jula, og krydre den med trimgruppa sin Romjulsmarsj 2.juledag