Tidlegare VIL-profil: Ole Arnold Hole
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Des 2021
Ole Arnold Hole vart fødd i 1923. Det dreg seg mot 100 år sidan.
13.desember 1947 kom han inn i hovudstyret til Velledalen IL som sekretær. Ein posisjon han hadde ut året 1951. Av aktiv idrett dreiv han langrenn og løp. Han var såleis ein mykje nytta mann på Velledalen IL sine stafettlag i springing på slutten av 1940-talet og starten av 1950-åra. I 1952 vart han KM-vinnar over 4X10 km stafett, arrangert i Hovdebygda. Dei tre andre på Velledalen IL sitt lag var: Jon C. Brunstad, Paul Hole og Olav P. Hole. Knut-Ole, som han vart kalla i daglegtale, sysla og med skyting. Her representert han Straumgjerde Skyttarlag. Vidare er det rett å seie at han var ein av dei store inspiratorane som gjorde at hesteskokasting vart konkurranse-idrett i Velledalen. Knut-tunet på Hole, med Ole i spissen, var ein mykje nytta kast-stad. Men då som sundags-tidtrøyte, i ei tid der utøvarane tolererte ulike skor, både i utsjånad og vekt. Ole Arnold Hole vann eit av dei fyrste klubbmeisterskapa som vart arrangert i regi av Velledalen IL.
Vidare var han ein dyktig historie-forteljar, og han var mellom særs få som kunne kose seg med ein «Gul Miks» frå huk-sitjande posisjon. Holegarden miste noko verdfullt den dagen han «reiste».