Tal frå Førjulsmessa

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Des 2021

På grunn av at det lenge var usikkert om arrangementet let seg gjennomføre, vart det lagt opp til eit noko redusert arrangement i høve til eit normalår.
Mellom anna utan tombola. Velledalen Grendalag kom inn som nytt lag på arrangørsida, sidan VRF og Velledalen skulekorps hadde trekt seg ut, grunna mannskapsmangel.

Her er nokre rekneskapstal:
Inntekt standleige: 25 450,-
Inntekt kafé: 33 852,-

Standleiga var ikkje langt unna det vi har i eit normal-år, medan inntekta frå mat og kaffi ligg langt under, sjølv om prisane vart justert opp. Her har vi beste åra hatt over 50 000 kroner. Noko som viser at besøket i 2021 låg ganske langt etter eit gjennomsnitts-år.
Av eit overskot på 39 175 kroner, gjekk 10 000 kroner til Grendalaget, resten til Velledalen IL.
Største utgiftspostane var varekjøp på Nærbutikken, annonsering i Nyss og husleige til Velledalen Grendahus, totalt kring 20 000 kroner.

Loddsalet, før og under messa, hadde Velledalen IL åleine. Det gav ei brutto innkome på 25 100 kroner.