Velkomen om bord i «Arthur»
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Des 2021
Året er altså 1987. Fest- og ungkarsbussen «Arthur» er på vegen etter ei helg i Loen. Vi ser at
det meste er på stell om bord. Attpå til to lege-sekretærar, begge desember-jenter. Men det
var då – no er begge om-skulerte til andre yrke enn «sprøyte-stikkarar»
Sidan det er 16. desember 2021 i dag, er det på sin plass at VIL-Nett gjer litt stas på 60 års
jubilant Laila Ødegård. Ho var trass alt i den nasjonale eliten i hesteskokasting i fleire år, og
før der igjen; i den lokale eliten innan deklamasjon – av dikt og andre tekstar må vite. Mykje
nytta i festlege samkome. Når ho i tillegg jobba på legekontoret, visste mest alle i Sykkylven
kven ho var. Om ikkje ein A-kjendis, så i alle høve ein person med sterk B-status.
Men dette var før ho gøymde seg vekk i Oslo.
Vi er litt usikre på kva Laila syslar med på bilete om bord i «Arthur», men vi ser ikkje vekk frå
det er ei framføring av eitt eller anna slag. Kanskje ein av favoritt-tekstane hennar. For å
glede henne på 60 års dagen, set vi ein av dei på trykk. Den utvalde går slik:
No livnar det i lundar
No lauvast det i li
Den heile skapning stundar
No fram mot sumarstid.
Det er vel fagre stunder
Når våren kjem her nord
Og atter som eit under
Nytt liv av dauden gror.
Gratulerer med 60 års dagen, Laila!