Buss-bilete av Bjarne Hole

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Des 2021

Fotoet av ein ung Bjarne Hole skriv seg frå 1980-talet. Ser ein nøye etter, vil ein sjå at Bjarne har fått på seg skinnhua. Som betyr at han korkje køyrer for Sula Rutebilar eller Emblemsbygda Billag. Det kunne i teorien vore Geiranger Skysslag, men det er VRF-bussen han fører. Innleigd av Sunnmøre Skikrins, på veg til Dombås og langrennssamling. Eit ærefullt oppdrag, då slike langturar ikkje var normalen vinterstid. Om sommaren var det annleis. Då gjekk den til Oslo under Norway Cup, og til Trøndelag der damelaget ein periode spela seriekampar. Oftast med Gyls-Svein som sjåfør.

Dette aktuelle året på 80-talet var det Asbjørn Tandstad som var leiar i TKL (teknisk komité langrenn) i Sunnmøre Skikrins. Ein sykkylvs-dominert komité ettersom Sølvi Sjøholt og Atle Hole sat i same styret. Og det fall ikkje sykkylvingane naturleg å gå over bekken etter vatn når buss skulle leigast inn. Men turen vart ikkje problemfri. Ved avreise var det mildt, med regn og sludd på Sunnmøre. Som gjekk over til snø og vind opp Romsdalen. Før det klarna opp og vart bikkjekaldt nær Dombås. Vel framme var bussen totalt nedisa, og med heller dårleg varmeapparat og tunge minusgrader var no gode råd dyre for sjåfør Bjarne Hole. Som skulle ha bussen klar til køyring av skiløparar neste morgon - like etter frukost.

Men Bjarne visste råd. Han prata seg til plass i ein oppvarma «hall» ved ein bensinstasjon nær sentrum. Dermed stod bussen klar, nærast som «ny», med ein stolt sjåfør neste morgon. Samlinga vart vellukka for alle som var med, men fleire ytra at neste gong måtte det skaffast ein buss som tolde kulde betre, og med meir kapasitet på varme.

Takk for turen, Bjarne!