Berre tre utøvarar på alle trimpostane

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Des 2021

Statistikk-førar for Velledalen IL sine trimpostar, Nils Terje Skylstad, melder at tre personar har vore på alle 15 trimpostane siste året.
Dei tre er:
Rigmor Hovde Aarhus
Bjørn Arve Brune
Ove Inge Skylstad – sjølvaste VIL-leiaren.

Med andre ord dei godt vaksne. Ove og Rigmor er 1960-modellar, Bjørn Arve nokre år yngre. Kanskje difor han greidde alle postane i eit jafs

PS: Om nokon meiner at det som er lagt ut på nettsida vedkomande trimpostane siste tida ikkje stemmer, ver då grei og meld frå til Nils Terje Skylstad.
Alle forstår truleg at dette er omfattande arbeid, så feil kan førekome