Frode og May Evy sprang på Hareid i dag
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Des 2021
Og i dag var det verkeleg vinterkarusell, med løp på snøføre. Velledalen IL var representert med May Evy Nesheim og Frode Mauren. Begge utøvarane har kalkulert inn løpa rundt Grimstadvatnet som eit ledd i vintertreninga. Og begge spring så bra at dei kan ha håp om solide plasseringar i den samla karusellen. May Evy vart nest beste kvinne og Frode tredje beste herre i det fyrste løpet. I skrivande stund har vi ikkje funne resultat frå dagens løp, så vi kjem tilbake med meir stoff om 2.løpet rundt Grimstadvatnet i løpet av sundag. Takk til vår aldri kvilande fotograf, Susan Gjerde for foto!