Kvinnene tok publikum med storm
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Des 2021
I fyrste utgåva av «Humoren sin kveld» deltok 15 menn. Det var lett å få deltakarar. Nivået høgt. Andre året litt verre, men framleis berre menn. Kven ville bli fyrste kvinne…
Etter nokre år kom dei. Faktisk tre kvinner til same arrangement. Talet på deltakande menn hadde no kome godt under ti. Mest for likestilling å rekne
Fotoet syner dei tre pionerane på feltet humor. Ei kvinne frå Rogaland (Liv Marie Lillevik), ei frå Velledalen (Anna Lisa Drabløs) og ei frå «Honndalen» (Åse Lødøen Grebstad)
Og la vi slå fast fyrst som sist; alle tre kom særdeles godt frå det.
Sidan vi fyrst er i gang, fell det naturleg å spandere nokre ekstra ord på Anna Lisa Drabløs(70), sidan ho er velledaling. I 2021 i vinden her lokalt som dyktig sprøytestikkar mot covid. Den som preikar mest av dei. Eit særdeles positiv og viktig gjeremål av ein pensjonist.
Elles skal det leggast til at då underteikna gjekk i 1. klasse på Velledalen skule (1963-1964), gjekk Anna Lisa i 6 klasse. Ho var då skulens beste utøvar i slengball – eit kast-reiskap berre jentene brukte. Gutane kasta liten ball.
Ein dyktig slengball-kastar nyttar same rotasjons-teknikk som ein sleggjekastar. Difor er det grunn til å tru at Anna Lisa kunne hatt ei karriere her. Men det skal seiast at miljøet for sleggjekast for kvinner har ikkje vore heilt bra i Velledalen.
Men det er enno ikkje for seint, Anna Lisa! Mons-Konrad var kring 77 når han tok laust, var 82 når han vart trimpost-vinnar og sprang halvmaraton i Ålesund siste gong som 88-åring!
Og til sist eit hurra for kvinnene på fotoet; Liv Marie, Anna Lisa og Åse!
Atle Jomar