Eit VIL-krus kan vere godt å ha i adventstida
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Des 2021
Vi skal tilbake til 1990-talet. Staden er Velledalen grendahus. Det er fredagskveld. Arrangementet hadde tittelen «Humoren sin kveld». Og då høver det bra at herrane på fotoet er smørblide.
Men kven er dei, desse kremtoppane innan lokal humor…? Sidan ein av dei sit i «pasnings-skuggen» - som det heiter på fotballsråket - er du med i trekninga om du kjem med fire rette namn.
Vi må ha svaret ditt innan 2.desember klokka 10.00 til:
E-post: atlehole@online.no
SMS: 917 43 761
PS. Fotoet kjem også på VIL Facebook. Du er - om du ynskjer - velkomen til å kome med ein kommentar