VIL julebord avd Oslo
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Nov 2021
Vi er ein gjeng som gjennom året samlast kvar tysdag til intervalløkt, enten på tartan, motbakker på grusveg i marka eller i tunellen innandørs på Bislett stadion. Nokre dannar raske tog i front, medan andre har meir funksjon som rundingsbøyer/hinder. Kjekt å sjå at vi saman er gode!
Kjerna er Velledalen IL, men nokre andre spreke har også lurt seg med. På julebordet var det med 3 ikkje-medlemmar. Desse fekk sjølvsagt låne rette klede til treningsøkta!
På programmet denne dagen var ein idrett i rask vekst; padel. Den blir spelt double, og er ei blanding av squash og tennis. 5 av 8 prøvde idretten for første gong, og det gav meirsmak! Kanskje spesielt for søskenbarn-paret Njål og Jon Fiva, som stakk av med sigeren.
På kvelden var alle invitert heim til Ellen Marie og Anders, som hadde diska opp med middag og andre godsaker. Ein veldig hyggelig kveld! Vi setter alle veldig stor pris på klubben vår, og takker for tilrettelegging av denne førjulssamlinga. Kanskje fekk vi sådd nokre frø som ein dag vil blomstre i nye medlemsskap?
God jul til alle i Velledalen IL,
Helsing Oslo avdeling / Ellen Marie