Fire distansar i Stranda Fjord Trail Race
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Nov 2021
arkivfoto
Stranda Fjord Trail Race vert i 2022 arrangert helga 5. og 6.august. Denne gongen med heile fire distansar:
12 km – startkont kr 500,-
25 km – startkont kr 700,-
48 km – startkont kr 1100,-
100 km – startkont kr 1750,-
Verdt å merke seg at prisane for startkontingent er som oppsett berre fram til nyttår, så stig prisane.
Til seinare du melder deg på, til dyrare vert det. Her er det forretning for alle pengane.
Vi reknar med Velledalen IL stiller ein fyldigare tropp enn i fjor. Og vi trur 25 km løpet vil appellere mest til våre. Vidare er det all grunn til eit rungande HURRA! for Linda Hovde
Ho har meldt seg på 100 km løpet – ein særdeles tøff tur. Særleg om vêret ikkje vert av beste slag. Tøft gjort, Linda!