Osloavdelinga i Velledalen IL har samling i helga
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Nov 2021
arkivfoto
Frå hovudstaden får vi meldt at Osloavdelinga i Velledalen IL arrangerer ei samkome den 28.november
Programmet ser slik ut:
11.00-12.00: Alternativ trening – Padel
Padel er ein ny sport, ein kombinasjon mellom squash og tennis
19.00: Julebord på Røa – middag, dessert og kaffi.
Tilskipinga er støtta av Velledalen IL, som takk til Osloavdelinga for stor sportsleg innsats gjennom året. Og ikkje minst «stil og profil» gjennom bruk av klubben sine klede. Kort sagt; gode ambassadørar for Velledalen IL i landets hovudstad.