11.desember betalar VIL startkontingenten din
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Nov 2021
arkivfoto
2.løpet i Ålesund Vinterkarusell vert arrangert 11.desember med start klokka 14.00.
Som vanleg valfri distanse, fem eller ti kilometer
Startkontingenten for begge distansar er 150 kroner for alle over 16 år, 100 kroner for alle under 16 år.
Til dette «jule-løpet», betalar Velledalen IL startkontingenten til alle som har løyst medlemskontingent for året 2021.
Påmeldinga skjer på fylgjande vis:
Gi melding til kasserar Henning Tandstad om du vil delta, og kva distanse du ynskjer springe. Så melder han deg på og betalar startkontingenten.
Vi håper rett mange vert med på dette. Også born. Slik at vi kan få ein liten maktdemonstrasjon frå Velledalen IL, friidrett den 11.desember.
Påmeldinga er i gang, så berre kontakt Henning med ein gong.
Målet er 20 deltakarar frå VIL i dette løpet, noko som vil vere rekord.
Og det er som i Konradløpet – farta er langt frå det viktigaste.
Hiv deg med!
PS. Er du ikkje medlem, let det også seg ordne.