Selde VIL-klede for 9000 kroner på siste messedagen
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Nov 2021
arkivfoto
Velledalen IL hadde ein veldig spesiell stand siste messedagen. Truleg einaste standen på heile messa som heile tida selde med tap. Til meir ein selde til større vart tapet.
Årsaka er ganske enkelt. Klubbkleda skal symbolisere samhald, identitet og merkevarebygging. I staden for å sette prisane på kleda som vert handla inn opp, slår laget av nokre kroner på alle produkt. Difor kan ein på kort sikt snakke om eit tap. Og på eit større tap til meir vi sel.
Men produkta gjer noko med klubbkjensla og samhaldet. Difor står vi sterkare enn nokon gong før. Lokalt i Sykkylven, i Ålesund, i Oslo-området og i Tromsø.
Aldri før har så mange brukt VIL-klede som no.
Det vert heile tida tinga inn nye klede etter kvart som vi går tomme. Medlemar og sterke sympatisørar er velkomne til ein handel. Ta kontakt med ein av desse:
Frode Mauren
Henning Tandstad
Ann-Helen Hole