Trimpostane samanlagt: Einar Fet nummer 9
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Nov 2021
Einar Magne Fet har vore med på mykje innan lokal idrett. Men han måtte bli 77 år før han kom på lista over dei argaste utøvarane på Velledalen IL sine trimpostar.
Statistikkføraren vår, Nils Terje Skylstad, har funne 291 turar. Til 13 av i alt 15 postar. Berre ved sætreelva i Holemarka og Holetindane står det 0 poeng.
Flittigast har han vore på Bruna trimpost med 251 turar. Så fylgjer Myrdalsfellet (14), skogsvegen Straumsheim (9) og Vellesætra (7).
Til saman raska han med seg gilde 2042 poeng
Topp-10 trimpostar 2021:
9. Einar Fet (77) – 2042 poeng
10. Grethe Fet (75) – 1847 poeng
Like ved:
Nils Terje Skylstad (64) – 1845 poeng
Bård Per Erstad (78) – 1842 poeng
PS.
Som alle skjønar kan det vere innfløkt arbeid og grave fram i ljoset alle turar kvar einskild topp-utøvar har gjort.
Det kan vere feil i listene våre.
Statistikk-føraren melder at ein må gjere vel å melde frå, om ein finn slike.