Topp-10 trimpostar: Grethe Fet nummer ti

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Nov 2021

I fjor heldt det med 1764 poeng for å kome på denne eksklusive lista. I år måtte ein opp i 1847. Vi skal og spandere nokre ord på to karar som var like ved.
Nemleg Nils Terje Skylstad som mangla fattige to poeng, og Bård Erstad som mangla fem. Då er det som alle skjønar tett om posisjonane. Som vanleg statar vi nedst på lista og arbeider oss oppover fram mot advent.

10. Grethe Fet (75) - 1847 poeng
Like ved: Nils Terje Skylstad (64) – 1845 poeng
N
 ær: Bård Per Erstad (78) – 1842 poeng

Grethe hadde sist sesong vore på 13 av 15 postar. Berre Brunstadkølen og Holetindane mangla. I alt hadde ho imponerande 584 turar, med skogsvegen Drabløs (259) og skogsvegen Fet (309) som bortimot daglege turmål.
 Grethe hadde vore høgare på lista om ikkje den fælslege oksetragedien på Fet ramma familien. Den stoppa sesongen hennar midt i august, og tok frå henne ektemannen og turkameraten Odd-Kåre, og sonen Ole André.

Du er i tankane våre Grethe – kvar dag!