Spreke vinstar i VIL sitt desember-lotteri
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Nov 2021
Kasserar Henning Tandstad seier til VIL-Nett at loddsalet går bra, men har roa seg noko siste dagane.
Difor ei lita påminning. Her er lista over kva du kan vinne:
1. Stressless, Tokyo, frå Ekornes (verdi 19 500)
2. Fotografi av Per Magne Drotninghaug (verdi 3000)
3. Laks, ørret eller fenalår av geit frå Gardskjøkkenet
4. Laks, ørret eller fenalår av geit frå Gardskjøkkenet
5. Laks, ørret eller fenalår av geit frå Gardskjøkkenet
6. Gåvekort frå Holmbergs Gartneri
7. Hengekøye frå Focus Sport
8. Kolonialkasse frå Nærbutikken Velledalen
Vipps inn loddkjøpet ditt til 562576, og vi skriv namnet ditt i loddboka
Pris: Kr 10,- pr lodd
Trekning: 1.desember 2021
PS. Vil nokon gi laget ei gåve er det kjærkome og vi er takksame. Kontakt i så fall kasserar Henning på Nærbutikken.
I desember har vi Idrettsgalla med ei rekkje prisutdelingar, og 1.mai håper vi å kunne arrangere eit nytt Konradløp.