Solide prestasjonar av Frode og May Evy på Hareid
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Nov 2021
To av VIL sine mest løpsglade utøvarar – Frode og May Evy - var på plass då fyrste løpet i vinterkarusellen på Hareid vart arrangert laurdag 6.november. Løypa går rundt Grimstadvatnet og er på 7,8 kilometer. Mange kvinner mellom dei 47 deltakarane. Berre ei av dei, Maria Ringstad, greidde tukte May Evy, som altså tok ein finfin 2.plass mellom kvinnene.
Frode leverte også eit sterkt løp, med snittfart på 3.43 per kilometer. Berre tre menn tok seg raskare til mål enn vår mann. Vinnar vart sterke Olger Pedersen frå Dimna IL.
Neste løp i karusellen på Hareid vert arrangert fyrste laurdag i desember (start 14.00). Kanskje med fleire VIL-løparar på startstreken.