Beste trimpostnamnet er Inger
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Nov 2021
Under premieutdelinga i kafé-avdelinga til Nærbutikken denne veka, vart det ved eitt av borda snakka om at det vart 3 gonger Inger på toppen av lista:
Inger Anne Riksheim flest turar til Bruna trimpost
Inger Anne Brunstad flest turar til Brunstadsætra
Inger Kurseth Tandstad flest turar til skogsvegen Straumsheim.
Men det stoggar ikkje her for namn som byrjar på ING:
Ingrid Brudevoll vann postane Koppen og skogsvegen Hjorthol
Ingunn Hole Hunnes hadde mektige 565 turar til Bruna
Og ei fjerde Inger – Inger Fet – er ganske sikkert inne på topp-10 lista samanlagt, når vi kjem så langt.
Rykta seier ein må nær 2000 poeng for å kome på den lista. Gnallhardt!