Førjulsgåve til Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Nov 2021
Kanskje har du høyrt namnet Linda Hovde tidlegare. I så fall ikkje så underleg, sidan ho var oppflaska på Stranda under opphavet:
Far: Harry Hovde
Mor: Birgit Hovde
Kjende frå fotballmiljøet, der Harry både har trena VRF sitt herre- og kvinnelag.
Linda var i yngre år også ein dugande fotballspelar, men har siste åra utmerka seg mest i løp. Lange og seige løp. Som maraton. Eller det som verre er. Stranda Fjord Trail Race 100 kilometer. Linda Hovde var ei av to kvinner som fullførte lengste utgåva i 2021. Vi ymta frampå om ein overgang på nettsida etter førre vintermaraton i Ålesund.
No melder ein smilande kasserar at medlemskap er betalt. Vi trur kanskje May Evy Nesheim har ein finger med i spelet her. Men uansett, sportsleg betyr det at Radka Vosicka sin klubbrekord på heilmaraton er i fare. I akutt fare, til og med.
Velkomen i det gode selskap, Linda!
Og det skal bli kjekt å endeleg vere på «same lag» som Harry og Birgit igjen