Minneord Arild Jostein Myrås Lade
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Okt 2021
Mitt fyrste møte med Arild fann stad i Holemarka. Ein fin vinterlaurdag, truleg i 1967, kanskje 68. Brua-Karl hadde hyra inn Arild som skitrenar. Men sidan det hadde kome kring 20 cm lett nysnø natta før, var det få som møtte. Faktisk berre eg. Såleis vart eg godt kjend med Arild under den timelange økta. Fyrst gjekk vi opp sporet, før vi kunne trene grunnleggjande teknikk som diagonalgang, dobbeltak med og utan fråspark. Sidan denne laurdagen har eg rekna Arild som ein ven.
Men eg hadde sett han før. På fotballbana Slettegjerde i Straumgjerde som målmann på VRF. Men der observerte eg han berre, eg prata aldri med han, ikkje der. Arild sat mykje på «benken» i si tid i VRF. Men han var faktisk god. Han er einaste målmannen i bygda som har spela to klubbar opp til nivå tre i norsk fotball. I 1970 gjorde han det med VRF etter 5-3 over Sunndal i avgjerande opprykks-kamp, og to år seinare gjorde han det same som målmann for Sykkylven IL. Dei var på denne tida kjende for å ha ustabile målmenn, men då dei hyra inn Arild mellom stengene, vart det opprykk på fyrste forsøk i 1972. Til samanlikning vart Sykkylven IL nummer fire i sin divisjon dette året – på nivå seks (!!) i norsk fotball. Arild vart ikkje lenge i Sykkylven IL, men kom tilbake til VRF. Han sysla i det små med fotball heilt fram til moden old boys alder, som gav KM-tittel på 1990-talet.
Grasrotlaget til Arild var likevel Velledalen IL. Her var han oppegåande medlem livet ut. Han brann mest for trim og fjell-liv. I 1972 fekk han danna ei fjellsport-gruppe i Velledalen IL, som i 1974 endra namn til Fjell-livsgruppa med Arild som gruppeleiar. Han vart brukt som instruktør under diverse kurs (eksempelvis klatring), og han var mellom dei faste som tok idrettsmerke-krava kvart år. Det smått utrulege er at vi har mist tre av desse (Paul, Odd-Kåre og Arild) inneverande år. Arild var aktiv i laget si Fjell-livs-gruppe til han reiste til Libanon i 1978.
Seinhausten 2002 samla seniorfotballen i Sykkylven seg i nye-klubben FK Sykkylven. Mest motstand mot dette kom frå VRF, med Arild Lade som motstandarane sin fremste talsmann. Bygda hadde alt ein spesialklubb for fotball (VRF), og Arild meinte det var ulogisk at denne skulle gå i bresjen for å danne ein ny spesialklubb for fotball. Han hevda vidare at VRF var den leiande kulturinstitusjonen i krinsane Tandstad og Velledalen, ein posisjon ein ikkje berre kunne setje strek over så lenge klubben var best i bygda. Som vi alle veit tapte Arild denne kampen i 2002, og han var den einaste som sytte for å få protokollført at han hadde stemt mot nye-klubben. Nær 20 år seinare er det lett å seie at det var Arild som fekk rett. Sjølv om han ikkje vart nokon utgamal mann, så overlevde han F.K. Sykkylven.
Starten av F.K. Sykkylven førte til ei kraftig nedtrapping i VRF. Så kraftig at dei ikkje lenger kunne arrangere Førjulsmessa åleine. Det vart møte om vegen vidare, og her representerte Arild Velledalen IL på ein glimrande måte. Enden på visa vart at Velledalen IL vart den berande krafta vidare i arrangementet, eit arrangement som framleis er levedyktig.
Rundturen La – Myrdalen – Holebotnen – Hole – La gjekk Arild ofte. Sommar som vinter. Gjerne kombinert med småkrefiske i Holebotnen og Lisjeelva. Denne rundturen kalla han Holerunden.
Siste Holerunden er fullenda, og vi lyser fred over Arild Jostein Myrås Lade sitt minne.
Olagarden 27.oktober 2021
Atle Jomar Hole
Nestleiar Velledalen IL
Årsmelding frå Fjellgruppa 1977
Av Arild Lade
Det har vore eit særs aktivt år for medlemane i denne gruppa. Vi har hatt fleire fellesturar, og den som samla flest deltakarar var skituren frå La til Vik gjennom Gimsdalen. Vidare hadde vi mellom anna fellestur til Gullmordalen og Regndalen. Einskildvis og i grupper har medlemane elles gjort turar til dei fleste toppar og brear i den nærliggjande fjellheimen, mellom anna har Råna vore vitja av fleire. To av medlemane har vore på klatrekurs i sommar, Hallstein Ånes og Bastian Weiberg-Aurdal, slik at det no i alt er 9 medlemar som klatrar aktivt. Dei to sistnemnde gjorde ein svært god figur på kurset, der underskrivne elles var instruktør. Det kan vere grunn til å diskutere på kva måte ein skal få med seg endå fleire ut i fjellet, det er vel truleg ein må satse endå meir på lette fellesturar, familieturar. Men det er ikkje lett å konkurrere til dømes med skitrekk-kulturen om folk si fritid, jamvel om friluftsliv i fjellet er eit langt betre tilbod både for mental og fysisk helse. Vi satsar på auka oppslutning i komande arbeidsår.