Oslo-avdelinga innfridde i helga

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Okt 2021

All ære til Osloavdelinga. Sterke løp av Anette og Nikolai på 10 km under hytteplanmila, der begge hadde opplegg til noko større enn resultatet vart.
   Anette hadde likevel beste VIL-tid på 10 km denne sesongen.
   Og Nikolai viste med ei 5 km passering på 17.17 at han kan vere ein potensiell vinnar av Konradløpet i eit «normalår»

Men i denne saka skal maraton-gutane Sverre Gunnar og Njål få hovudmerksemda. For om lag eitt år sidan sette Njål ny VIL-rekord på 2.40.18, og i god tid før løpet no i helga skreiv han desse orda til VIL-Nett:

   -
    
   
   Ein lyt vel vere såpass ærleg med seg sjølv at målet må vere 2.34.59 (3.40 per km og 36.40 på mila), om alt går etter planen.

   -
    
   
   Men mykje kan gå gale

Alt gjekk etter planen for Njål sundag 17.oktober. Absolutt ingenting gjekk gale. Tida vart 2.34.32. Tjuesju – 27 – sekund under det mange ville kalla ei over-ambisiøs målsettinga.

Kor fort spring dei eigentleg..?
Dette løpet gjekk i ei ganske så kort løype med mange rundar.
   Difor mange passeringstider med fart per km og fart målt i kilometer per time per runde. Svakaste fartsmåling for Njål sin del var 15.98 km/time. Høgaste 16.41 km/t.
Neste gong du er på treningssenter. Finn ei tredemølle, still inn på 16 km i timen og prøv. Og minn det på at dette var MINSTEFARTA til Njål under løpet (2.34.32) når du fyk av bandet. Eller sagt på ein annan måte; snittfart like under 3.40 per kilometer – frå start til slutt i 42 195 meter.

Så til Sverre Gunnar Brunstad. Denne mannen er 54 år. Då er 2.53.19 på heilmaraton krutsterkt. Du trur kanskje 14 kilometer på mølla må vere nok til å halde tritt med maratonfarta til Brunstadekspressen. Men der tek du feil.
   14.25 km/time er lågaste fart målt på han. Beste er 14.97. Tøyst deg likevel med at Sverre Gunnar er mellom dei beste 1967-modellane i landet på distansen. Neste sesong spring han i klasse 55-59 år. Som yngst i klassa. Han kan bli vond å fylgje

Konklusjon: 3x3 hurra for Osloavdelinga!!

PS. Ein lite honnør til Raymond Elveland til slutt. I yngre år ein iherdig og ganske så dyktig fotball-spelar i VRF. No langar for Njål, og truleg mannen som skal ha sin del av æra for at Njål «gjekk» 27 sekund under målsettinga. Om Raymond er heime 29.desember kan han få vere med i Svein Nakken sitt langarteam under Ålesund vintermaraton (med etterfylgjande Idrettsgalla). Eller han kan gjere som tidlegare lagkamerat, Morten Bueide – kaste seg ut i det sjølv. Med betre langeapparat hadde Morten vore klart under 4.00.00 i Ålesund.
    
    
...