Kvinnerekorden på 10 km overlevde Hytteplanmila
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Okt 2021
Arkivfoto
Klubbrekorden på 10 km for kvinner lyder på 40.14, sett under eit såkalla Perseløp hausten 2020, av Anette Heimli Jokstad.
Anette opna kvasst med 3.47 og 3.54 på dei to fyrste kilometerane. Det såg lovande ut.
Ho passerte fem kilometer på 19.57, sekundet føre det ho hadde i rekordløpet i 2020.
Heilt fram til sju kilometer var det håp (passert på 28.06), men det vart litt for tungt siste tre denne gongen.
Tida vart 40.46, nest beste tid av ei VIL-kvinne gjennom alle tider.
Med 40.46 vart Anette nr 90 av 758 kvinner, og nummer 54 av 221 i klasse 23-34 år
Nikolai hadde litt same løps-utviklinga som Anette, med ei kraftfull opning på fyrste kilometeren (3.17).
Kilometertidene hans var slik: 3.17 – 3.27 – 3.37 – 3.33 – 3.25 – 3.34 – 3.46 – 4.03 – 3.52 – 3.55. Sluttid 36.25
Det gav fine plasseringar. Nummer 319 av 1717 startande menn.
Og nummer 174 av 514 i klasse 23-34 år.
PS: Hytteplanmila er ikkje «padde flat», så variasjon i km-tider på sjåast i den samanheng.
PS 2: Anders Wigdahl fekk DNS bak namnet sitt under Ivar Formo sitt minneløp i går, der eidsdalingen Jonas Hesthaug tok ein knallsterk sjette plass totalt