Studentleikane i Oslo
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Okt 2021
Endeleg var det tid for studentleikane i hovudstaden med NTNUI Futsal. Etter eit langt år med ventetid fekk laget endeleg spele kamp igjen. Vi stilte med to lag, der eg var keeper på NTNUI grøn. Torsdag og fredag var det gruppespel og vi starta fyrste dagen med to sigrar på 2-0. Fredag fekk vi ikkje til spelet vårt heilt og tapte fyrste kampen 1-0 mot OSI Futsal og uavgjort mot OSI Fotball. Dette resulterte i ein andreplass i gruppa vår.
I kvartfinalen møtte vi heimelaget NIH, som også var laget som vann studentleikane førre gong. Heldigvis fekk vi nullstilt oss etter nederlaget frå fredagen og kjempa oss til ein siger. Det var no klart for internkamp mot vårt eige lag, NTNUI gul, som var det toppa laget og førehandsfavorittane. Gul var det førande laget store delar av kampen, men vi klarte forsvare oss godt å halde nullen gjennom heile kampen og ekstraomgangen. Eg var i tillegg heldig og hadde dagen, som gjorde at eg fekk redda det som kom imot. I straffekonkurransen var det tre skot kvar. Etter 2. straffe hadde begge lag kun scora eit mål kvar. Etter at eg redda siste straffa, kunne vi sleppe jubelen laus over å komme vidare til finalen.
NTNUI gul vann bronsefinalen 5-1 og enda opp med å score heile 38 mål på sju kampar i turneringa. Mitt lag skulle igjen møte OSI Futsal som vi hadde tapt 1-0 mot i gruppespelet, og vi var veldig revansjesugne. Finalen endar meg siger 2-0. Som Noregs beste studentfutsallag får NTNUI Futsal representere Noreg i Student-EM i Polen neste sommar. Med tanke på at mange av dei beste spelarane våre var på det andre laget blir det spennande å sjå laguttaket for kven som får vere med til EM. Før dette har vi uansett ein spennande futsalsesong i vente som eg gler meg til å starte på.
Emma Holmberg