Kan ein stole 100 prosent på løypevakter….??

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Okt 2021

Arkivfoto
  Ser det har vore mykje action frå
Velledalen IL sine utøverar i helga. Veldig bra, og gratulerer til alle
saman.

   Tenkte å nevne at eg og min gode
konkurrent og søskenbarn Jon Fiva tok turen til Norgesløpet på Jessheim for å
springe halvmaraton på laurdag. Det gjekk veldig bra for ein av oss, og veldig
dårleg for den andre.
   

  Jon Fiva tok sigeren i løpet føre
sunnmøringen Olger Pedersen:
   

  https://results.sporthive.com/events/6845369535772327680
   

  Veldig bra, og Jon satte også ny pers
i ein alder av 43 år! Professoren i samfunnsøkonomi fornekter seg ikkje.
   

  For den andre, også kjent som meg,
gjekk det nokså bra fram til ca 20.6 kilometer. Då klarte løypevakta å vinke
meg og tre andre inn i 5 km sløyfa, slik at vi sprang i mål med 20.6 kilometer
i beina. Alle fire blei difor diska, og det bitraste er vel å innsjå at ein
kunne satt ny pers om ein hadde sprunge heile distansen.
   

   Men men, eg fekk ei god økt og
forhåpentlegvis er ein i brukbart driv fram mot maraton om 14 dagar.