Fin revansje for Per Inge – beste VIL-løpar

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Okt 2021

Heldigvis vart det ingen
dramatikk dette året. Per Inge leverte på sitt vanlege høge nivå. Han opna
hardt med snitt på 3.48 min/km på dei fyrste sju kilometerane. Så sleppte han
seg opp på 3.59-fart på dei neste sju, før han avslutta siste tredjedelen med
4.03 min/km i snitt.

Alf Petter Bøe vart nummer
fem, men var berre sekundet unna fjerde plass. Friidrettsleiaren opna på rutinert
vis i ei fart han kunne meistre, før han drog til med sin beste del på siste
tredjedelen

RESULTAT GLOPPEN HALVMARATON KLASSE M 50-54:

1. Bjørn Ole Vassbotn,
Volda Turn & IL, 1.18.08

2. Sven Nylund, MOI, 1.21.20

3. Per Inge Bjørnestad, Velledalen IL, 1.23.00

4. Jørn Lothe, Gloppen Friidrettslag, 1.28.29

5. Alf Petter Bøe, Velledalen IL, 1.28.30

6. Håkon Igland, Svelgen T&IF, 1.28.45

7. Odd Martin Øvrebø,
Måløy IL, 1.30.39

8. Asbjørn Ekerhovd,
Bremanger Motbakkelag, 1.31.49

9.Hallvard Klakegg,
Jølster IL, 1.37.41

10. Kristen
Stæger-Breisnes, Eikefjord IL, 1.40.59

DNS: Frode Hoprekstad,
Velledalen IL

14 fullførande i denne
klassa

Med tida 1.23.00 vart Per
Inge best av Velledalen IL sine ni løparar. Herrane Vassbotn og Nylund som slo
han, held høgt nasjonalt nivå i fleire idrettar. Vassbotn har fleire topp-3
plasseringar i Birkebeinar-trippelen (ski, sykkel og løp). Nylund er også ein
allsidig kar. I tillegg til ein glimrande løpar er han god skiløpar og ditto
o-løpar. Dessutan har Nylund vore i Sykkylven på o-kart arbeid.