Auka farta mot slutten og sette rekord

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Okt 2021

Fyrste sju kilometer gjekk
på 4.41 min/km for May Evy. Om lag den farta ho måtte ha for å sette rekord.
Men då dei neste sju i snitt gjekk på 4.43-fart, var alt brått litt usikkert.
Ville ho greie dette.

Men May Evy hadde litt på
lur. Siste sju km gjekk unna i 4.33-fart, og dermed var det berre for
friidrettsleiar Bøe å leite fram blomane. VIL sin halvmaraton-rekord for
kvinner vart senka frå 1.38.50 (Nancy Eggen) til 1.37.44 (May Evy Nesheim). Det
høyrer med til soga at begge kvinnene var over 40 år i «gjerningsøyeblikket».

I tillegg vart det ein fin
2.plass i klasse 45-49 år, eller like imponerande; nummer fem av 27 kvinner
uansett klasse.

RESULTAT GLOPPEN HALVMARATON KLASSE K45-49:

1. Mannuela Haugland, Ask
Friidrett, 1.30.05

2. May Evy Nesheim,
Velledalen IL, 1.37.44

3. Venche Vartdal Leite,
Team Joggis, 1.47.20

4. Siri Ringheim Heggenes,
Syril IL, 2.29.47

Gratulerer med rekorden,
May Evy, du takla presset vi la på skuldrane dine!