Sterk VIL-trio i Oslos Bratteste

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Okt 2021

Marianne Fløttum har vist
fine takter som motbakkeløpar tidlegare. Mellom anna under Tomasløpet i
Straumgjerde.

I dag prøvde ho seg under
motbakkeløpet «Oslos Bratteste», eit løp på 2,7 km med 407 høgdemeter. Marianne
leverte ein framifrå prestasjon. Totalt av alle kvinner – og dei var det mange
av – vart ho nummer 41. I klasse K40-44 kunne ho notere ein finfin 7.plass på
tida 25.43.

Kjekt at også den yngre
garde – som ber namna Sofie og Sigurd Fauske – deltok. Fann ingen informasjon
om dei løp, men truleg utan tidtaking i så ung alder. Heilt sikkert ei kjekk
oppleving for alle tre.