Så har Pål Rune Fet også passert 60 år

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Sep 2021

I dag er kanskje Pål Rune
best kjend som onkel til Sondre Brunstad Fet. Det kan vere like greitt, då det
ikkje lenger er tilrådeleg med harde rykk korkje i skiløypa eller på
fotballbana. Det var annleis før. Særleg i åra 1976 – 1985 lukta det svidd der
den raudhåra guten gjorde fram-rykkingar. Her er eit lite knippe:

1976: KM-vinnar langrenn
gutar 15 år.

1977: KM-vinnar langrenn
gutar 16 år.

1978: Som 16-åring spelar
han fast på VRF sitt A-lag på høgrebacken. Sikra opprykk og KM-tittel på nivå
fire i norsk fotball på Langevåg stadion (Langevåg-VRF 0-1) på sjølvaste 17 års
dagen.

1979: spela fast på nivå
tre i norsk fotball som 17-åring for VRF, for det som skulle vise seg å bli
siste gong på dette nivået i perioden 1979-?????

1983: KM-vinnar med VRF på
nivå fem

1985: KM-vinnar 3X10 km
stafett for Velledalen IL i Ørsta saman med Terje Aurdal (siste etappe) og Atle
Hole.

Var fast stafett-løpar
   på Velledalen IL sitt lag, som i denne
perioden sette bestetida si i Holmenkoll-stafetten med tida 54.42.

Pål var altså svært så
dugande i idrettane langrenn, løps-stafettar og fotball. Seinare viste han at
han dugde som trenar og servicemann. Dette i åra der Kenneth Fet tok opp arven
etter faren som skiløpar. Han vart nemleg KM-vinnar i langrenn G 16 år, akkurat
som faren.Pål hadde óg ei udefinert rådgjevar-rolle under Sondre Brustad Fet
sine år som langrennsløpar. Etter eiga karriere var over, sysla han ein lenger
periode med trening av diverse VRF-lag i fotball. I dag er Pål Rune medlem i
Velledalen IL, langrennsgruppa.

Ikkje nok med dette, så
har kona hans, Turid Bøkestad Fet, jubilert tidlegare dette året. Turid har ei
lang og suksessfull fartstid i trimgruppa i laget vårt. Såleis er det eit heilt
VIL-ektepar vi i dag kan gratulere med 2Xoverstått 60 års dag.

Samla går dei i sitt 121
leveår, men er heilt klart gode for mykje meir.

Gratulerer med overstått
jubileum til begge!