Velledalen IL med løpetrening for mosjonistar
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Sep 2021
Friidrettsgruppa i Velledalen IL hadde for ei tid tilbake
organiserte treningar der farta ikkje er det viktigaste. Perfekt for born,
vaksne og familiar som vil få opp pulsen og trene i lag med andre, utan at ein
nødvendigvis er så oppteken av meter, minutt og sekund. Rett og slett
breiddetrening der terskelen for å vere med skal vere låg.
«Kanskje er du ny i joggeverda, eller har drive litt med det
men ønskjer å gjere det saman med andre i staden for å halde på åleine. Eller
treng eit lite spark bak for å kome deg ut? Då er du midt i målgruppa for desse
treningane» fortel initiativtakar Alf Petter Bøe.
Første trening vil gå føre seg førstkomande sundag 26.
september kl. 10, og oppmøtestad vil vere Fet bru, med ei kjekk ykt på
grusvegen langs Fetvatnet.
Vel møtt!
NB: Dette vil vere det faste tidspunktet for treningane, men
oppmøtestad vil variere.