Sprang barneløpet til Sentrumsløpet i Oslo
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Sep 2021
Om ein vil, er det fullt
ut mogleg å starte med barneløp i ung alder. Slik Magnus Njålson Taubøll og
Ingrid Njålsdotter Taubøll (stilige namn) har gjort. Fotoet er teke i samband
med Sentrumsløpet sitt barneløp. Sentrumsløpet er eit av dei STORE løpa i
hovudstaden.
Enn så lenge er slike løp
truskuldig moro for Magnus og Ingrid. Men med far Njål som rollemodell, skal
ein ikkje sjå bort frå at det er to komande stor-springarar som er fotograferte.
Send oss gjerne foto av
fleire VIL-rekruttar!
E-post: atlehole@online.no