Topp og breidde hand i hand
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Sep 2021
Alle er velkomne i
Velledalen IL. Det er som med Konradløpet; farta er ikkje det viktigaste!
Denne veka kom det
innmelding på medlemskap av ei kvinne ved namn Anita Holmberg. Få dagar etter
stod ho på startstreken på 5 km i Ålesund, i klasse 60-64 år. Ho fullførte med
glans like over halvtimen.
I Ålesund gjorde Jørn
Strømmegjerde, travel småbarnsfar, sin andre halvmaraton utan at
treningsgrunnlaget var heilt på topp. Denne gongen vart det drygt 13 minutt
over to timar. Men ein vakker dag håper Jørn at tida til trening kan prioriterast
sterkare. Då veit han at resultata vil kome.
Eller ta Irene Mork. Som
debuterer på halvmaraton i Oslo, etter stort sett å ha sprunge korte løp på 5
kilometer tidlegare. Det er tøft gjort, ikkje minst mentalt med ein
fire-dobbelt så lang distanse. Men ho greidde det, og kan kome til å gjere det
igjen.
Anita Mosby Nakken høyrer
òg inn under breiddeomgrepet. Denne gongen tvangspåmeld i 10 for Grete. Dei som
ferdast i miljøet veit at Anita oftast har posisjon som støtte-apparat utan
startnummer på brystet. Eller barndomskompisane frå Brøvoll, Roger André Vanebo
og Jan Helge Myhre. Som no er busette høvesvis på Kongsberg og Stranda, men som
finn glede i å treffast på løp - av og til - for Velledalen IL.
Andre vil meir. Og trenar
meir. Mykje meir, til og med. Breidda avlar eit mellomskikt, der mykje-trenande
veteranar rår grunnen. Velledalen IL har
vunne mykje i desse klassene siste tida. I 45-49 har vi May Evy, Ola Åge (begge
med etternamn Nesheim) og Frode Mauren. May Evy og Frode på pallen i Ålesund. I
50-54 tok Velledalen IL dobbeltsiger i Ålesund ved Per Inge Bjørnestad og Alf
Petter Bøe. Frode Hoprekstad hadde snusa på siste pallplass hadde han vore der.
Bjørn Arve Brune og Fridtjof Fredriksen var i Oslo, men ville vunne dobbelt om
dei var i Ålesund i klasse 55-59 på halvmaraton.
Men har Velledalen IL
toppar som ikkje er utgamle…? I høgste grad. Njål Torillson Tyssing og
Constantin Rust er sikre kort der. Det same er Anette Heimli Jokstad og Nikolai
Handle Jensen. Sist helg stod Kjell Magnar Berli opp av konkurranse-dvalen med
eit kjempeløp i Molde. Vi skulle så gjerne vore betre på
barneidrett. Her finn vi dei beste talenta i o-gruppa, også dei beste løparane.
Årets MiniKonrad viste mellom anna det. Fleire flotte emne som kan nå langt.
Mange fleire kunne vore
nemnde. Målet med artikkelen er ikkje å nemne alle, men vise at vi er mange i
Velledalen IL for tida. Mange som synest det er kjekt å halde seg i aktivitet,
kjekt å konkurrere. Nemnast må også dei som sender oss foto frå ulike løp, slik
at vi kan halde lesarane våre oppdaterte. Takk til desse og til ALLE utøvarane,
uansett fart! Klubbdrakta vår har fått profilert seg siste
tida –
den skil ikkje på fart, men er
lik for alle!