Kring to veker att av trimpost-sesongen
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Sep 2021
Det er i år som alle
tidlegare år. Den dagen ei ny trimbok er på plass på posten, er ein ny sesong
starta opp. Det kan variere frå post til post kva dato boka vert skifta, men
til liks med andre år vert dette gjort +- 1.oktober.
Om nokon kan tenkje seg å
hjelpe Nils med trimbok-bytet på dei ulike postane, er det fint. Send i så fall
ei melding til Nils om kvar du kan tenkje deg byte bok.
I den grad noko vil starte
ein slutt-spurt, er tida for å gjere det komen. Topp-5 liste frå dei ulike
postane vil kome på nettsida når alt er klart. Like eins topp-10 samanlagt over
dei beste poengsankarane.
VIL-Nett ynskjer alle
lukke til med den nye sesongen
som no er
i kjømda!