Susande godt come back av Kjell Magnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Sep 2021
Arkivfoto
Kjell Magnar Berli har
ikkje konkurrert på lenge. Faktisk svært lenge. Men han har trena målretta og
ganske så tøft. I 2019 vann han aktiv-klassa i Molde 7 topper. I dag ville han
gjerne gjere det same.
Fyrst kort om Molde 7
topper:
Er eit 19 kilometer langt
løp, i hovudsak på sti/fjellterreng, på Molde sitt tak. Start ved
Romsdalsmuseet, og løpet har ei stigning på 1400 høgdemeter. Løpet går over
toppane Tusenårsvarden (Moldeheia), Skolmelia, Såta, Frænavarden, Audunshø,
Togheia og Varden
Løpet har fem stasjonar
med mellomtider utanom målpassering. Her er Kjell Magnar sine
totalplasseringar:
Træffhuset: 2.plass – to tidelar
bak leiaren
Tusenårsvarden: 4.plass - fem sekund bak leiaren
Såta: 3.plass – 2.07 bak
leiaren
Frænavarden: 3.plass – 3.45
bak leiaren
Togheia: 3.plass – 6.18
bak leiaren
Mål: 3.plass – 9.33 bak
vinnaren
Kjell Magnar vart
intervjua rett etter målgang av arrangøren sitt team, og sa fylgjande:
-
Frykteleg vått og
gjørmete. I dag fekk vi ingen ting gratis.
I valet mellom pære- og
ananas-brus, valde Kjell Magnar pærebrus.
I ein kommentar til
VIL-Nett like etter målgang skriv Kjell Magnar:
-
Tapte en del på slutten, slo kneet i en stein etter
ca 13 km. Må muligens sy et kutt, gikk litt sent på slutten pga kneet.
Dei seks beste uansett klasse i Molde 7-topper Aktiv (224 startande):
1. Ola Jordheim, Hemsedal
IL, 1.52.48 (KM Berli vann i 2019 på 1.51.43)
2. Ludvik Rød Benco, Gossen Motbakkeløperklubb, 1.58.19
3. Kjell Magnar Berli,
Dynafit, 2.02.21
4. Eivind Monsås, Molde,
2.03.14
5. Sturle Starheim, Gossen
IL, 2.06.56
6. Anders Bugge, Eidsvåg,
2.07.21