Nibberitt og løp i Geiranger laurdag

    Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Aug 2021

    Arkivfoto
    Onsdag kveld stod 128 namn
    på deltakarlista i Nibberittet. Mellom desse finn vi Bjørg Iren Strøm,
    Velledalen IL, i klasse K 50-59. Ho har sykla rittet før og kjenner såleis
    løypa

       Vi nemner at Sykkylven SK stiller med kvartetten
    Jan Erik Bårdsgjære (50-59), Marius Kalland (30-39), Arild Mjeltevik (50-59) og
    Jo Sagli (50-59)

    Onsdag kveld stod 66 namn
    på startlista for Nibbeløpet. To av desse representerer Velledalen IL, nemleg
    Per Inge Bjørnestad (50-54) og Ola Åge Nesheim (45-49).

    Ola Åge «varma opp» med 48
    km under Stranda Fjord Trail Race for ikkje lenge sidan. I samanlikning vert
    Nibbeløpet som «a walk in the park» å rekne.

    Sjansen for at det kan
    kome fleire påmeldingar frå Velledalen IL er tilstades