Over 100 personar fann roa på Myrdalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Aug 2021

Dei fleste starta frå
Lade, der det var sal av trimbingo-lappar. Nokre gjorde turen litt lenger ved å
starte frå Hole. Perfekt vêr var ein garantist for god oppslutning. Då VIL-Nett
hadde ei lita privat teljing på stølen stogga talet frammøtte på ganske
nøyaktig 100. Men somme hadde kanskje lat teke på heimvegen så talet



 var truleg litt høgare.

Som vanleg hadde
trimgruppa både mat og drikke å by fram. Praten gjekk stille mellom dei
frammøtte, etter ei tøff veke for mange. Høgdepunktet for sundagen var det Jan
Lade som gav oss. Han tok fram trompeten, og til den totale stilla frå store og
små på sætervollen, spela han «Sæterjentens søndag» av Ole Bull. Dette var
trimgruppa sin måte å heidre minna til Odd-Kåre og Ole André Fet. Verdig,
sterkt og flott!