Bombe på Hareid under halvmaraton-KM

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Aug 2021

Bombe på Hareid skriv vi.
Og det har vi dekning for når vi kan melde at Frode Hoprekstad i går vart
KM-vinnar i maraton. Her er resultat frå klasse H 50-54:

1. Ole Bjørn Vassbotn,
Volda Turn&IL, 1.20.10

2. Frode Hoprekstad,
Velledalen IL, 1.37.11

3. Johan Roppen, Volda,
1.47.03

4. Tore Refsnes, Søre
Luten Løparlag, 1.56.49

5. Ulf-Magne Eikås, Stryn,
2.13.27

Som vi ser vart ein herr
Vassbotn frå Volda klart best, men sidan Volda Turn & IL ikkje hadde betalt
krins-kontingenten sin, gjekk KM-tittelen til nummer to, nemleg Frode
Hoprekstad

Gratulerer Frode, dette var gildt!

May Evy kjempa den gode
strid under Nordvest Maraton på Hareid saman med Sivert Mosby Nakken. Ho vart
soleklart best i klasse K 45-49:

1. May Evy Nesheim,
Velledalen IL, 1.39.53

2. Camilla Røren, Team
Røren, 1.56.38

3. Venche Vartdal, Team
Joggis 1.57.42

Som vi ser hadde May Evy
mest 17 minutt ned til nummer to, så KM-tittelen i 45-49 var aldri truga. Ho
kom under 100 minutt (1.40) for fyrste gong – til og med i det som vert rekna
for ei hard løype. Men det ho truleg visste lite om, vart at ho kjempa hardt
mot bestetidene til Radka og Pernille på distansen. Ho kom i mål på 1.39.53 - og rapportane frå Hareid seier at ho gav alt…. Det var 13 sekund føre bestetida
til Radka, men eitt sekund BAK tida til Pernille

Framleis er det Nancy
Eggen som har beste halvmaraton-tida mellom kvinner i Velledalen IL.

Fridtjof Fredriksen i
klasse M 55-59, var ikkje langt unna å bli klassevinnar han heller. Her er
resultata:

1. Asle Johansen, Larsnes
IL, 1.33.48

2. Fridtjof Fredriksen,
Velledalen IL, 1.34.57

3. Øystein Orten, Hareid,
IL, 1.39.33

4. Vidar Eide,
Fjellhug/Vereide IL, 1.40.53

5. Thomas Andersson,
Gursken IL, 1.42.14

6 Peder Barstad, Noteam.,
2.07.57

Godt løp av Fridtjof, og
sterk sølv-medalje i KM halvmaraton

Vi sluttar denne
oppsummeringa med VIL-løparen som sprang raskast, Frode Mauren. Her er
resultata frå klasse M 45-49:

1. Jan Endre Rise, Hareid IL, 1.21.55

2. Bernt Bergheim,
Sogndal, 1.25.07

3. Frode Mauren, Velledalen
IL, 1.27.32

4. Tom Inge Gotten,
Gjerdsvika IL, 1.56.00

5. Pål K. Engeset, Ørsta,
1.56.07

6. Tore Humstad,
Torvikbukt IL, 2.05.43

7. Marcus Vedeler, Eid IL,
2.06.56

Som vi ser er mannen på
2.plass frå Sogndal, som betyr at han ikkje tel med i eit KM for Møre og
Romsdal. Dermed vart det KM-sølv til Frode.

Og vil du lese berre
kortversjonen lyder den slik:

KM halvmaraton, arrangert
av Hareid IL, laurdag 21.august 2021:

Tal deltakarar frå
Velledalen IL: 5

Tal gullmedaljar: 3
(Sivert, May Evy og Frode)

Tal sølvmedaljar: 2 (Frode
og Fridtjof)

Tal bronsemedaljar: 0

Foto til reportasjen
levert av: Susan Gjerde/Svein Nakken