Sivert tok KM-tittel heim til Gyls-bruket
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Aug 2021
Sivert Mosby Nakken
leverte eit solid løp på Hareid i går. Godt hjelpt av May Evy vart det halde
ganske så jamn fart frå start til mål. Tida til Sivert vart 1.39.49, som heldt
til 9.plass i klasse 17-34 år. Det høyrer med til soga at løypa på Hareid er
ganske så tung
Men løpet på Hareid var
også KM for junior (17-20 år). Over distansen halvmaraton var Sivert åleine.
Ingen såg seg syn med å møte han. Dermed fekk han KM-medalje, av edlaste slag,
med seg heim.
Så vidt vi veit er dette
fyrste KM-medaljen i gull i heimen i Straumgjerde. Men det kan fort gjort bli
fleire. Gratulerer Sivert!