Idrettsrørsla i Velledalen IL i djup sorg.
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Aug 2021
Teksten som er sendt lyder
slik:
Hei Atle,
Lenge sidan vi snakka, men
eg tenkjer at du framleis hugsar meg.
Vi gjekk saman på gymnaset
i Ålesund, du året før meg,
Der også Thor (Grønmyr) og
Lars Kåre (Rogne) gjekk.
Eg arbeider no som
overlækjar ved St. Olavs i Trondheim,
Men bur i Ålesund og
pendlar til Trondheim.
Eg hugsar mange gode
fotballstunder mellom Brattvåg og VRF,
Særleg opprykks-thrillaren
i 1978,
Og det var vondt å få
høyre i dag at det var Odd-Kåre Fet, og sonen,
som var ramma av den
forferdelege ulukka i går.
Vi spelte fleire gonger
mot kvarandre sjølv om det var stor aldersskilnad.
Han var ein god og tøff
høgreback, men alltid fair.
Eg ynskjer å få sende ei
kondolansemelding til dykk alle i Velledalen,
Og vonar at du kan vere
den rette til å bringe den vidare.
Med venleg helsing
Ole Bjørn Harnes
Gammal Brattvågspelar