Velledalen IL nummer to i lagkonkurransen

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Aug 2021

Under Midt-Norsk meisterskap i Sør-Trøndeleg vart det siste dag arrangert lagkonkurranse. Med påmelding frå Velledalen IL og 14 trønder-lag.
Sidan Sofie Fauske vart sjuk, mønstra Velledalen IL dei spreke gutane Johan Fløttum Fauske, Mikkel Ibsen Lervåg og Tobias Ibsen Lervåg
Slik gjekk det:
159 poeng: Stjørdals-Blink (Malin, Gustav, Einar, Selma)
154 poeng: Velledalen IL (Tobias, Mikkel, Johan)
153 poeng: Freidig (Ludwig, Sigurd, Martin)
152 poeng: Verdal OK (Ovid, Erik, Even, Mads, William)

Kvart lag hadde mellom 3-5 utøvarar. Imponerande innsats av den unge trioen vår – og litt synd at Sofie gjekk glipp av denne opplevinga.
Men det kjem nye sjansar, garantert!