Fire VIL-løparar sprang Skåla Opp i dag.
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Aug 2021
Arkivfoto
328 løparar kom til mål i
konkurranseklassane, pluss svært mange trimmarar. Dermed vart Skåla Opp klart
større på deltaking enn Stranda Fjord Trail Race sist helg, sjølv om vêret
gjekk i strandarane sin favør.
Velledalen IL hadde med
fire utøvarar på tid. Alle kunne forlate Vestland fylke med gode prestasjonar. Slik
gjekk det:
K 45-49 (11 fullførande):
3. May Evy Nesheim,
Velledalen IL, 1.50.41
M 35-39 år (39
fullførande):
8. Njål Torillson Tyssing,
Velledalen IL, 1.32.37
M 45-49 år (30 fullførande)
16. Frode Mauren, Velledalen IL, 1.50.34
18. Jan Even Sandal, Sykkylven IL, 1.52.03
M 50-54 år (28 fullførande):
6. Per Inge Bjørnestad, Velledalen IL, 1.41.17
Frode Mauren seier til VIL-Nett at forholda var gode. Litt regn, men
ikkje sleipt:
-
For eigen del kan
eg slå fast at eg har trena alt for lite motbakke-springing siste tida til at
eg kan hevde meg mellom dei skarpaste her. Ein får betalt for det ein trenar.
-
Eg er kjempenøgd,
då eg eigentleg er for asfalt-racer å rekne.
Vi merkar oss elles at
Njål er siste års i 35-39. Neste sesong spring han i 40-44. Denne gongen hadde
Njål 44.beste herretid av 268 fullførande menn. May Evy hadde 23. beste kvinnetid uansett
klasse – av 60 fullførande kvinner.
Thorbjørn Ludvigsen,
Fyllingsdalen, hadde beste herretid uansett klasse med 1.12.29. Mellom kvinnene
var Karoline Kyte, Førde IL, best med tida 1.22.14.