Orienteringstrening onsdag 11. august
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Aug 2021
O-opplegget foregår frå kl 17:30 til 18:30 ved Velledalen skule.
Her vert det løpe- og logikkleikar den første halve timen, før vi prøver riktig o-løp med poster rundt på skule- og bornehageområdet. Ingen forkunnskaper trengst; berre godt humør og eit ope sinn. Ann-Helen skal ta seg av dei yngste, og Pernille dei eldste.
Send gjerne ei melding til Pernille om barnet ditt blir med slik at vi har ein peikepinn på kor mange som kjem.