Stygt fall stoppa ikkje Alf Petter

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Aug 2021

Arkivfoto
Men det starta lovande for
Alf Petter. Etter to timar springing låg han nøyaktig minuttet svakare enn på
same meldepost i 2019.
 Godt sprunge, ettersom 54-åringen er to år eldre enn
i 2019. Normalen er at folk vert mindre fjellføre med aukande alder.

Men dette skulle vise seg slett ikkje vere Alf Petter sin dag. To fall
i siste halvdel av løpet gjorde han til Røde-Kors-pasient.
 Han slo seg både i hovud, handledd, venstre skulder og
skinke. I dag vart han sjukmeld for komande veke etter konsultasjon med lege.

Til mål kom han, på tida
4.34.05. Til samanlikning hadde han 4.00.04 i 2019. Av 187 fullførande på
distansen kom AP på ein heiderleg 92. plass av alle fullførande, eller nummer
71 av alle mannfolka

Harde fakta frå Stranda
Fjord Trail Race, 25 km:

187 fullførande 6 braut løpet 73 påmelde starta ikkje

Påmelde 25 km: 266

Vinnar: Anders Haga, Åsen
IL, 2.31.01

Beste sunnmøring: Jonas
Hesthaug, Eidsdal IL, 2.43.31 (nummer fire totalt)

Beste kvinne: Anita
Iversen Lilleskare, BFG Bergen Løpeklubb, 3.12.17

Beste VIL-løpar: Alf
Petter Bøe, 4.34. 05 (han var den einaste på distansen)

Siste fullførande: Anna
Kutnik, Polen, 11.09.46