Ola Åge mellom 68 som fullførte 48 km på Stranda
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Aug 2021
Stranda Fjord Trail Race,
48 km, laurdag 7.august:
Harde Fakta:
Fullførande: 68 personar
Braut løpet: 31
Starta ikkje: 38
Påmelde: 137
I 2019 var Ola Åge Nesheim
fersk løpar i Velledalen IL. Den gongen sprang han 25 km-utgåva, og kom i mål
på fine 3.57.37
I 2021 gjekk Ola Åge
hakket opp til 48 km. Klokka 08.00 gjekk starten frå Opshaugvika. Vår mann tok
det roleg i starten, men arbeidde seg sakte oppover listene. I mål var han
nummer 28 av alle menn (34 totalt). På det beste låg han tre plassar betre, men
han var ganske så tom i «lettstrekket» ned mot mål i Stranda sentrum. Tida hans
vart 9.25.53.
Beste herre: Jack Kosky,
GTI Friidrettsklubb, 6.16.21
Beste kvinne: Sara-Rebekka
Færø Unde, Varegg Fleridrett, 7.14.34
Beste VIL-løpar: Ola Åge
Nesheim 9.25.53
Siste fullførande: Cato
Andersen, Stranda, 11.56.33